Som eit ledd i å skape trivsel og heilheit under læretida og for å tilbakeføre deler av tilskuddet pr. lærling, bruker PRO ein god del ressursar på å tilrettelegge aktivitetar for lærlingane. Dette er ikkje eit krav men ein del av det totale bildet som det vil seie å være lærling i PRO.
Vi har i løpet av året ei rekke arrangement kor vi tilbyr lærlingane våre å treffes for å gjere noko sosialt sammen. Nokre ganger rent for moro som å reise på konsert, mens andre ganger kombinerar vi sosialt med fagleg påfyll. Vi har som mål at det skal være godt å vere lærling i PRO og at alle skal føle at dei tilhøyrer det nettverket som PRO representerar. Som lærling i PRO kan du bli bedt om å delta på messer og være med på skular for å informere om dei ulike faga. Du vil da bli oppfattet som representant for PRO og det stilles krav til deg som representant.
Over kan du sjå på lenken "aktiviteter" for arrangement som har blitt gjenomført i PRO.
PRO tar i mot innspel for nye og artige så vel som faglege tiltak som kan være med på å auke trivselen som lærling.