| Leonardo Leonardo da Vinci er EU sitt utdanningsprogram for yrkes- og profesjonsutdanning på alle nivå. Frå grunnleggande-, vidare- og etterutdanning, til livslang læring. Leonardo da Vinci-programmet gir økonomisk stønad til europeiske samarbeidsprosjekt Nasjonal operatør Teknologisk institutt er nasjonal operatør for Leonardo da Vinci-programmet. Programmet har som overordnet mål å gjere Europa meir konkurransedyktig gjennom å heve kompetansen i offentlige og private virksemder. Det kan søkast om økonomisk stønad til ulike typar prosjekt som vil gi bedre utdanning og opplæring for noværende og framtidige arbeidstakere i alle sektorar. Prosjekta kan gjelde opplæring både i og utanfor dei etablerte utdanningssystema. Programmet er samansett av fem områder, som kvar for seg representerer ein type prosjekt: Mobilitet, Pilotprosjekt, Utvikling av språkkompetanse, Nettverk, Utvikling av referansemateriell (undersøkelser og dokumentasjon). Teknologisk Institutt har ansvaret for å drive det nasjonale kontoret for LEONARDO DA VINCI-programmet i Norge. Meir: www.teknologisk.no Godkjent yrkespraksis i utlandet Europass Training er et dokument som skal gi informasjon om den praktiske delen av ei utdanning som er gjennomført i et anna EU/EØS-land. Leonardo da Vinci Norge er ansvarleg for den norske delen av ordninga. Europass Training er tilgjengeleg for elevar, lærlingar og studentar innenfor alle typer yrkes- og profesjonsutdanninger der det inngår praksis. Målet er å få godkjent praksis i utlandet uten å forlenge utdanningstida. www.europass.no Om Europass EUROPASS er eit EU-initiativ.Det er et dokument som gir informasjon om dei delane av ei utdanning som er gjennomført i et anna land, først og fremst i bedrift, men også på skule eller ein utdanningsinstitusjon. Tanken bak EUROPASS-ordningen er at eleven, lærlingen eller studenten skal ha godkjent utdanningsperioden i utlandet; det må ikke forlenge det samla utdanningsløpet at en del av utdanninga er teken i utlandet. EUROPASS er eit supplerande bevis som utelukkande dokumenterer den delen av utdanninga som er gjennomført i utlandet. Det erstatter ikke det norske utdanningsbeviset Det er opp til den einskilde utdanningsinstitusjon/bedrift om dei vil gi EUROPASS til sine elevar/studentar. Korleis søke om Europass? Ein organisasjon må på vegne av deltakaren søke om Europass. Det kan være skulen, bedrifta, opplæringskontoret eller liknande. Dersom organisasjonen ikkje har ein Leonardo da Vinci-kontrakt, bruk søknadsskjemaet på dette webstedet, eller kontakt Leonardo da Vinci Norge , tlf. 982 90 305 / faks 22 20 18 01. Gode dømer fra samarbeid skole/bedrift som m.a. har gjort opplæringen meir fleksibel og individuell, samstundes som kostnadane er redusert. |