Bedrift og opplæringskontor
Elkem - AS Svelgen og INC Svelgen har fått lærlingar gjennom PRO i 8 år. Her får omlag 3 lærlingar lærekontrakt kvart år. Fleire av lærlingane har halde fram med utdanninga si på tekniske fagskular og ingeniørstudium, nokre har fått jobb vidare i både INC og Elkem. Fagleg leiar i INC Svelgen er Per Åge Bueie. Per Åge har fagbrev som industrimekanikar, og er i dag tilsett som HMS ansvarleg.
Fagleg leiar skal først og fremst sikre at opplæringa som blir gitt er i høve til opplæringsplanar, og ha regelmessig fagleg kontakt med lærlingane formelt og uformelt. Lærlingane er i tillegg knytt opp til ein instruktør. På den faglege sida har Per Åge ansvar for å gi opplæring i m.a. sikkerheit, brannvern og bedriftskunnskap. Her får lærlingane kjennskap til den politikken som gjeld i verksemda og dei faglege standardane som gjeld. Fagleg leiar er bindeleddet mellom PRO og lærlingane, og aktivitetane der. Eigna husvære for lærlingane blir organisert gjennom fagleg leiar og han har også eit ansvar for at lærlingne finn seg til rette i bygda, gjennom deltaking i idrettslag, eller andre lag og organisasjonar.
Det er fleire grunnar til at INC rekrutterer lærlingar gjennom PRO. Spesielt vil han trekke fram den pedagogiske og faglege oppfølginga av lærling. Rekrutteringsarbeidet gjennom PRO gir oss eit brett utval av kandidatar å vurdere. Noko som gjer det lettare for dei å finne den rette lærlingen for verksemda. Oppfølginga av lærlingane sosialt er også viktig i følge Per Åge. Det at lærlingane har eit sosialt nettverk å forhalde seg til, gir lærlingane gode kontaktar, ei meiningsfull fritid og samhald seg i mellom.