TILLEGG TIL VEDTEKTENE
Retningslinjer og ansvarsfordeling mellom Pro Opplæringskontoret for
Prosess og mekanisk industri og tilslutta bedrifter.
Opplæringskontoret (PRO) er eit servicekontor for medlemmane.
PRO er medlemsbedriftenes servicekontor for å effektivisere ein god faglig opplæring av lærlingar. Medlemmene er ansvarlig for å gi opplæring etter fagas opplæringsplanar, og er det fleire enn ein opplæringsbedrift pr. lærling oppretter PRO bindande avtale mellom bedriftene.
Kor PRO finner det nødvendig pga. einsidig arbeid, innskrenkingar o.l., vil PRO være behjelpeleg med omplassering. Medlemsbedriftene er solidarisk ansvarlig for fullføring av lærekontraktar.
Lærlingane er arbeidstakarar i bedriftene dei til ein kvar tid er plassert i med rettighetar og plikter som følgjar av gjeldande lover og tariffavtale.
PRO utførar på vegne av medlemsbedriftene blant anna følgjande oppgåver:
- Utfyller lærekontrakt(ar) og sender disse til Utdanningsetaten for godkjenning.
- Melder lærlingen(e) til obligatorisk teoriundervisning.
- Melder lærlingen(e) opp til fag/sveineprøve i samsvar med medlemsbedrift kor prøven skal avviklast.
- Orienterer medlemsbedriftene om tariffavtalens lønnssatsar, bestemmingar i Lov om
fagopplæring i arbeidslivet (LFA) m.m.
- Orienterar medlemsbedrifter og lærlingar om muligheit for lån, stipend, legatmidlar o.l.
- Orienterer lærlingane om LFA (opplæringsplan, føring av opplæringsbok og andre ting
av betydning for læreforholdet).
- Oppfølging av læreforholdet med kontroll av opplæringsbøker.
Medlemskap
Medlemmer i PRO er bedrifter som driv verksemd og opplæring i prosessfag og/eller mekanisk industri.
Søknad om medlemskap i PRO skal rettast skriftleg til PRO, og handsamast på førstkommande styremøte. Retningslinjer for medlemskap finn ein i vedtektene. Styret avgjer om medlemskap kan tilbyds.
Som medlem/eigar av PRO er ein å rekne når medlemskap er godkjent av styret og når PRO har teikna første lærekontrakt der lærlingen er i lære i bedrifta, og når ein har tilslutta seg vedtektene gjennom å underteikne samarbeidsavtale.
Medlemskap/eigar i PRO kan ikkje være eigar/medlem av/i anna opplæringskontor.
PRO teiknar alle lærekontraktar, i alle fag, med lærlingar som skal være i lære i eigar/medlems bedriftene.
Utmelding av PRO kan skje med eit års skriftleg varsel, dog må utmelding skje før ein har begynt arbeidet med formidling av lærlingar for kommande haust. Dette inneber at melding må være PRO i hende før eventuelt rekrutteringsmateriell er trykt, der bedriftene sitt namn er med.
Opphøyr av avtalen er økonomisk endeleg når lærlingar som har vore påbegynt i samarbeidet er avslutta.
Opphøyr av avtalen, i samband med rekruttering er endeleg når bedrifta ikkje lenger er å finne på skriftleg eller elektronisk rekrutterings materiell.
Medlemskontingent
Medlemskontingent er del av lærlingtilskot, i samsvar med årsmøtevedtak.
For bedrifter som går inn i samarbeidet etter 01 juli 2000, vil kontingent være 100% av lærlingtilskotet i dei to første åra, uavhengig av kva som er gjeldande årsmøtevedtak.
(dette pga at PRO har behalde 100% av tilskotet til dei bedriftene som har vore med frå starten 01 juli 1998, for å bygge opp ei solid bedrift).
Etter to år, gjennomført opplæring for lærling/lærlingar er kontingent som for andre medlems bedrifter. Gjeld kun for lærlingar som utløysar tilskot.
Dersom ei bedrift kun har lærlingar som ikkje utløysar tilskot, vil medlemskontingent være 100% fram til ein har hatt minst ein lærling i to år som utløysar lærling tilskot.
Formidling av lærlingar
Intensjonsavtalar om læreplassar i bedrift må være forankra i bedriftas reelle
rekrutteringsbehov på lang sikt
Da der tar minimum fire år å utarbeide ein fagarbeidar er målet at vi i fellesskap er
intensjonsavtalane som ein del av rekrutteringsarbeidet og gjer oss i stand til å arbeide i eit seks års perspektiv.
Dette vil gjøre oss i betre stand til å påverke ungdom til å velje våre fagretningar.
Fagleg ansvarleg
Det skal oppnemnast fagleg ansvarleg for alle lærlingane i alle bedriftene innafor kvart fag. Den fagleg ansvarlege er den som har tilsynet med at opplæringa vert gjennomført på ein fagleg god måte.
Den fagleg ansvarlege må være ein fagleg kvalifisert person, med brei erfaring i faget, helst med fagbrev i faget, men lang erfaring i faget kan og bli godkjent. Det vil derfor kunne godkjennast faglige ledarar som har minimum 6 års allsidig praksis i faget.
I nye fag som blir lagt under LFA er det i ein overgangsperiode ikkje relevant å forlange at faglig leder har fag-/sveinebrev i faget.
Fagleg ansvarleg har ansvar for å sette opp ein opplæringsplan som sikrar at lærlingen får opplæring i gjeldane læreplan for faget.
ref. Opplæringslova § 4-3 , samt forskriftene § 11-1.
Bedrifter som er medlemmer av Pro opplæringskontoret pr i dag kan du se ved å trykke
her