Moderne samfunnsliv er utenkjeleg utan mekaniske fag. Heile den industrielle sivilisasjon er bygd opp av fagfolk som stadig utviklar og betrar reiskapar, hjelpemiddel og daglegvarer. Produkta er alt frå vevemaskinar til bilmotorar, frå instrument til å måle vekt, avstand og tid til kranar for tung lyft. I kvardagen møter vi mekaniske produkt overalt: uret, radioen, komfyren, kjøleskåpet, låsen som sikrar døra, transportmiddelet til arbeidet osv. I Sogn og Fjordane har skipsverfta vore tyngdepunktet for dei mekaniske faga. Om skipsbygging tek seg oppatt er usikkert, men dei mekaniske verksemdene som er knytt til dei store bedriftene i Årdal, Høyanger og Svelgen, sikrar at kompetanse og erfaring blir værande i fylket. Fylket er også prega av mange små lokale verksemder.
Frå teikning til produkt
Produksjon av reservedelar etter teikning eller kopiar av defekte delar er ein del av det dagleg arbeidet. Det kan også være forbetringar for å unngå slitasje, mekaniske påkjenningar eller individuelle tilpassingar. Eit arbeid innanfor mekaniske fag, er å meistre metodane i faget, verkty og reiskapar, maskinar og måleinstrument, for så å utføre oppgåver som å dreie, frese, bore, kappe, sjere, klinke, sveise eller lodde.