Publisert:
23.07.2010
Ungdom lytta til industrien sitt framtidige behov for fagfolk. No må industrien ta ansvar å la ungdommen fullføre utdanninga si.
Årdal videregående skule hadde rekordstor søking til automatikkar faget sist haust. No har industrien muligheten til å hauste av dette. Det blir heilt feil at 7 dyktige ungdommer ikkje skal få fullført si utdanning i eit fag som industrien har stort behov for i framtida. Automatikkaren di bedrift treng om to år, må du være med å fullføre utdanninga til no.
Det tar eit og eit halvt år fra lærlingen starter i lære i di bedrift til han /ho er ferdig utdanna. Det blir difor for seint å sjå seg om etter ein fagutdanna automatikkar om to år, dersom du ikkje har vore med å gitt høve til å la ungdommen fullføre utdanninga si. Industrien i fylket vårt blir taparar, dersom alle desse må ut, for å få fullført si utdanning.
Dette er ungdom, som for 3 og 4 år sida lytta til kva industrien sa, om framtidig behov for fagarbeidarar. No har dei gått 3 år på skule, for å få på plass teorien i faget, no er det industrien sitt ansvar å åpne opp, slik at desse får fullført si utdanning.
Jorunn Eide Kirketeig
[Gå til arkiv aktuelt]