Det skal være brukarpåverknad til gjennomføring og tilrettelegging av vidaregåande opplæring. Alle born og ungdom skal gjennom grunnskulen gjerast kjent med sitt lokale næringsliv og den framtidige arbeidsmarknaden som er i lokalt næringsliv. Dette er eit arbeid som skal gjennomførast i samarbeid mellom skule og bedrift, der partnarskap skal være eit reiskap til å få dette til og lykkast.
Når ungdommen skal velje vidaregåande utdanning, skal det være tilbod i skule, som samsvarer med næringslivet sitt behov.
Næringslivet skal være delaktig i vidaregåande skule. Gjennom nært samarbeid skal skulen verte oppdatert på teknologisk utvikling. Ordningar med utplassering av elever , frå grunnkurs og vk1 kurs må settast i eit system. Kostnader med denne typen utplassering må skulen få inn i sine budsjett, slik at det ikkje påfører næringslivet meirkostnader.
Dersom næringslivet skal bære kostnaden med denne typen samarbeid, så vil det medføre at færre bedrifter kan delta i slikt arbeid.
Arbeidet skal starte med lokalt møte mellom bedrift og rektor ved skulane. Det vidare arbeidet skal være forankra i skuleleiinga og bedrifts leiinga. Det felles arbeidet ein vil jobbe med skal settast i system i ein partnarskap avtale. Enten vidareutvikling av eksisterande avtale , eller teikning av ny avtale. PRO skal være drivkraft i dette arbeidet, og være ein praktisk tilsettleggar og ha ansvar for at arbeidet vert sett i gong. Arbeidet skal evaluerast kvart år. PRO vil ha ansvaret for å kople saman eventuelle aktivitetar, som t.d. prosjekt som skal gjennomførast ved fleire skular. Målet med arbeidet skal være å auke eleven, foreldre og skulen ved lærar sin kunnskap om lokal samfunnet generelt og lokalt næringsliv spesielt. Slik kunnskap vil være med på å gje born og ungdom reell valmoglegheit når dei skal velje yrke for framtida.
Patnerskapsavtaler i pdf-format: