Ein av Noregs mest framtidsretta industriar
Årleg eksporterer prosessindustrien varer for milliarder av kroner til ein global marknad. Prosessindustrien arbeider aktivt for å komme opp med nye kreative løysningar på morgondagens problem og nyttar kvart år fleire milliarder kroner på forsking og utvikling. I Sogn og Fjordane er prosessindustrien dei største bedriftene i sine lokalmiljø, både økonomisk og kompetansemessig i Årdal, Høyanger, Svelgen og Florø.
Innovative løysingar
Dei aller fleste komponentane i ein bil kjem frå i prosessindustrien, alt frå; lakk, karroseri, bremse– og hjuloppheng, dekk, felgar, støtfangarar, kablar, motordelar, olje, bensintank, spylevæsken, batteriet, osv. Innovativ kombinasjon av kvalitet og miljøriktige materialar, prosesser og design, gir redusert vekt og bensinforbruk og auka tryggleik. Til dømes er Hydro Raufoss Automotive og Fundo i Høyanger leiande leverandør i Europa av m.a. støtfangarar i aluminium. Markanden for desse felgane er Audi, BMW og Volvo.
Fra kvarts til PC
Norsk kvarts er hjernen i over halvparten av alle PC’ar i verda. Ved Elkem Bremanger i Svelgen vert steinen foredla og kjem ut som halv–metallet silisium. Kvar veke vert silisium frakta til Japan der dei små svarte brikkene – sjøve hjernen – vert produsert. Silisium vert nytta i omtrent det som finns av elektroniske produkt – kamera, barbermaskiner, mobiltelefonar, brødristarar, bilar – lista er nærast uendeleg.
Mange sjansar
Eit arbeid i prosessindustrien byr på mange sjansar for dei fleste yrkesgrupper i inn- eller utland. Norsk prosessindustri finn du i alle verdenshjørne, i Noreg finn du prosessindustri i over 190 kommuner.